Bømlo kommune

thumb_up 2812 likes
rate_review 4 Reviews
favorite 101 favorites
Rådhuset, Leirdalen 1 (Svortland)
5430 Bremnes, Norway
phone
Click to show phone
Request for information

Bømlo kommune Company Information

General information

Dette er Bømlo kommune si offisielle Facebookside. Her vil me gjerne dele det som skjer i kommunen, og vonar du får nytte av informasjonen. Kundetorget og Teknisk kundetorg vil gjerne hjelpe deg om det er noko du lurer på.

Spørsmål/kommentarar på denne sida vert ikkje journalført i kommunen sitt arkivsystem. Hugs difor at du ikkje kan rette offentlege førespurnadar hit som kan bli del av ei saksbehandling.

Me gjer merksam på at innlegg som er støytande, sjikanerande, rasistiske eller som trør over grensa for personvern vert sletta. Kommunen sin facebookvegg er heller ikkje staden for reklame for kommersielle produkt og tenester.

Har du klager, spørsmål eller vil snakka med ein saksbehandlar - vennligst send ein e-post til postmottak@bomlo.kommune.no, ring Kundetorget på tlf. 53 42 30 14 eller Teknisk kundetorg tlf. 53 42 30 30.

Vil du ha kontakt direkte med ein saksbehandlar eller verksemd, så finn du alle telefonnummer på heimesida vår: www.bomlo.kommune.no.

Postadressa vår er: Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

Øya vår
Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland med ca. 11.800 innbyggjarar. Kommunen er landfast via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve. Kommunen sitt administrasjons-, handels- og kommunikasjonssenter ligg på Svortland. Kommunen har om lag 800 tilsette.

Bømlo har til saman over 1 0...00 større og mindre øyar. Du er aldri langt frå sjøen på Bømlo, med Nordsjøen som næraste nabo. Flateinnhaldet i kommunen er 247 km2. Busetnaden er spreidd, med heile 5 tettstader.

Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område.

Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke.

Rådhuset, Leirdalen 1 (Svortland) Bremnes

Opening hours
Monday:
08:30 - 14:30
Tuesday:
08:30 - 14:30
Wednesday:
08:30 - 14:30
Thursday:
08:30 - 14:30
Friday:
08:30 - 14:30
Parking
The company has a parking lot.
Phone number
+4753423000
Linki
Social Accounts
Keywords
offentlig kontor, rådhus

Bømlo kommune Reviews & Ratings

How do you rate this company?

Are you the owner of this company? If so, do not lose the opportunity to update your company's profile, add products, offers and higher position in search engines.

A similiar page for your business? Make sure everyone can find you and your offer. Create your dedicated company page on Yellow Pages Norway - it's simply and easy!
Add your company